18 Jishar hadde sonen Sjelomit, som var leiar.
19 Av Hebron-sønene var Jeria leiar; den andre var Amarja, den tredje Jahasiel og den fjerde Jekamam.
20 Av Ussiel-sønene var Mika leiar, og Jisjia var den neste.
21 Merari-sønene var Mahli og Musji. Sønene til Mahli var Elasar og Kisj.
22 Elasar døydde; han hadde ingen søner, berre døtrer. Og sønene til Kisj, slektningane deira, tok dei til koner.
23 Sønene til Musji var Mahli, Eder og Jeremot, tre i alt.
24 Dette var Levi-sønene, familie for familie, med leiarane sine, som vart talde og nemnde med namn, ein for ein. Dei var det som stelte med tenesta i Herrens hus, og det gjorde dei frå tjueårsalderen og oppover.