22 Elasar døydde; han hadde ingen søner, berre døtrer. Og sønene til Kisj, slektningane deira, tok dei til koner.
23 Sønene til Musji var Mahli, Eder og Jeremot, tre i alt.
24 Dette var Levi-sønene, familie for familie, med leiarane sine, som vart talde og nemnde med namn, ein for ein. Dei var det som stelte med tenesta i Herrens hus, og det gjorde dei frå tjueårsalderen og oppover.
25 For David sa: «Herren, Israels Gud, har gjeve folket sitt fred, og han vil bu i Jerusalem til evig tid.
26 Difor treng ikkje levittane meir å bera bustaden og alt utstyret som høyrer med til tenesta der.»
27 Noko av det siste David gjorde, var å telja levittane som var tjue år eller meir.
28 Deira oppgåve var å hjelpa aronittane med tenesta i Herrens hus, i føregardane og sideromma, med reinsinga av alt det heilage utstyret og med tenesta som skulle gjerast i Guds hus.