29 Dei skulle stella med skodebrøda, det fine mjølet til grødeofferet, dei usyra flate brøda, med det som blir steikt på helle, og med deigen som blir knadd; dei skulle òg sjå etter alle holmål og lengdemål.
30 Kvar morgon skulle dei stå og takka og lovsyngja Herren, like eins kvar kveld.
31 Dei skulle hjelpa til kvar gong det vart bore fram brennoffer for Herren, så mange offer som var fastsette for kvar sabbat, nymånedag og høgtid, og alltid stå for Herrens andlet.
32 Såleis skulle dei ha ansvar for teltheilagdomen og tempelet og hjelpa brørne sine, aronittane, når dei gjorde teneste i Herrens hus.