3 Levittane som var tretti år eller meir, vart talde. Talet på menn, talde ein for ein, var 38 000.
4 Av desse skulle 24 000 leia arbeidet på Herrens hus, og 6000 skulle vera tilsynsmenn og dommarar.
5 4000 skulle vera dørvaktarar, og 4000 skulle lovsyngja Herren til tonar frå instrument som David hadde fått laga til lovsongen.
6 David delte dei inn i skift etter Levi-sønene Gersjon, Kehat og Merari.
7 Til Gersjon-sønene høyrde Ladan og Sjimi.
8 Sønene til Ladan var Jehiel, som var den fremste, og Setam og Joel, tre i alt.
9 Sønene til Sjimi var Sjelomot, Hasiel og Haran, tre i alt. Det var leiarane for Ladan-familiane.