5 4000 skulle vera dørvaktarar, og 4000 skulle lovsyngja Herren til tonar frå instrument som David hadde fått laga til lovsongen.
6 David delte dei inn i skift etter Levi-sønene Gersjon, Kehat og Merari.
7 Til Gersjon-sønene høyrde Ladan og Sjimi.
8 Sønene til Ladan var Jehiel, som var den fremste, og Setam og Joel, tre i alt.
9 Sønene til Sjimi var Sjelomot, Hasiel og Haran, tre i alt. Det var leiarane for Ladan-familiane.
10 Sønene til Sjimi var Jahat, Sisa, Je'usj og Beria. Det var Sjimi-sønene, fire i alt.
11 Jahat var leiar, Sisa den neste. Je'usj og Beria hadde ikkje mange søner. Difor vart dei rekna som éin familie, og dei vart mønstra under eitt.