1 Aronittane òg vart inndelte i skift. Sønene til Aron var Nadab og Abihu, Elasar og Itamar.
2 Men Nadab og Abihu døydde før far sin, og dei hadde ingen søner. Difor vart berre Elasar og Itamar prestar.
3 Saman med Sadok av Elasar-sønene og Ahimelek av Itamar-sønene delte David dei inn i grupper etter den tenesta dei skulle ha.
4 Då det viste seg at Elasar-sønene hadde fleire leiarar enn Itamar-sønene, delte dei inn slik at Elasar-sønene fekk seksten leiarar for sine familiar og Itamar-sønene åtte for sine familiar.