4 Då det viste seg at Elasar-sønene hadde fleire leiarar enn Itamar-sønene, delte dei inn slik at Elasar-sønene fekk seksten leiarar for sine familiar og Itamar-sønene åtte for sine familiar.
5 Begge vart inndelte ved loddkasting. For det fanst leiarar for heilagdomen, leiarar for Gud, både mellom Elasar-sønene og Itamar-sønene.
6 Skrivaren Sjemaja, son til Netanel, ein av levittane, skreiv dei opp i nærvær av kongen og stormennene, presten Sadok og Ahimelek, son til Ebjatar, og leiarane for familiane til prestane og levittane. Ein familie frå Elasar-slekta og ein familie frå Itamar-slekta vart tekne ut skiftevis.
7 Det første loddet fall på Jojarib, det andre på Jedaja,
8 det tredje på Harim, det fjerde på Seorim,
9 det femte på Malkia, det sjette på Mijamin,
10 det sjuande på Hakkos, det åttande på Abia,