3 av Jedutun, det vil seia sønene til Jedutun: Gedalja, Seri, Jesaja, Hasjabja og Mattitja, seks i alt, under leiing av Jedutun, far deira, som profeterte til Herrens lov og pris på lyre;
4 av Heman, det vil seia sønene til Heman: Bukkia, Mattanja, Ussiel, Sjubael, Jerimot, Hananja, Hanani, Eliata, Giddalti, Romamti-Eser, Josjbekasja, Malloti, Hotir og Mahasiot.
5 Alle var dei søner av Heman, sjåaren til kongen. Han hadde Gud lova stor kraft. Difor gav han Heman fjorten søner og tre døtrer.
6 Alle desse stod under leiing av far sin når dei song ved gudstenesta i Herrens hus til tonane frå symbalar, harper og lyrer. Asaf, Jedutun og Heman stod under leiing av kongen.
7 Talet på dei og brørne deira som var opplærte til å syngja for Herren, var 288, dugande songarar alle saman.
8 Dei kasta lodd om vaktordninga etter prinsippet «liten som stor, meisteren som læresveinen».
9 Det første loddet fall på Josef av Asaf-slekta; det andre på Gedalja, han sjølv og brørne og sønene hans, tolv i alt;