6 Alle desse stod under leiing av far sin når dei song ved gudstenesta i Herrens hus til tonane frå symbalar, harper og lyrer. Asaf, Jedutun og Heman stod under leiing av kongen.
7 Talet på dei og brørne deira som var opplærte til å syngja for Herren, var 288, dugande songarar alle saman.
8 Dei kasta lodd om vaktordninga etter prinsippet «liten som stor, meisteren som læresveinen».
9 Det første loddet fall på Josef av Asaf-slekta; det andre på Gedalja, han sjølv og brørne og sønene hans, tolv i alt;
10 det tredje på Sakkur med søner og brør, tolv i alt;
11 det fjerde fall på Jisri med søner og brør, tolv i alt;
12 det femte på Netanja med søner og brør, tolv i alt;