12 Dette var avdelingane til portvaktene, nemnde etter leiarane for mennene. Dei skulle gjera vaktteneste i Herrens hus på same måten som brørne sine.
13 Dei kasta lodd om kvar port, familie for familie; alle stod likt, liten som stor.
14 Loddet for austporten fall på Sjelemja. Dei kasta òg lodd for Sakarja, son hans, som var ein klok rådgjevar, og nordporten vart hans.
15 Obed-Edom fekk sørporten, og sønene hans fekk lagerromma.
16 Sjuppim og Hosa fekk vestsida med Sjalleket-porten, der hovudvegen går oppover. Slik stod dei vakt etter vakt:
17 På austsida stod seks levittar, på nordsida stod fire kvar dag, på sørsida fire kvar dag og ved lagerromma to og to.
18 Ved føregarden mot vest stod fire attmed hovudvegen og to attmed sjølve føregarden.