14 Loddet for austporten fall på Sjelemja. Dei kasta òg lodd for Sakarja, son hans, som var ein klok rådgjevar, og nordporten vart hans.
15 Obed-Edom fekk sørporten, og sønene hans fekk lagerromma.
16 Sjuppim og Hosa fekk vestsida med Sjalleket-porten, der hovudvegen går oppover. Slik stod dei vakt etter vakt:
17 På austsida stod seks levittar, på nordsida stod fire kvar dag, på sørsida fire kvar dag og ved lagerromma to og to.
18 Ved føregarden mot vest stod fire attmed hovudvegen og to attmed sjølve føregarden.
19 Dette var avdelingane til portvaktene, dei høyrde til Korah-slekta og Merari-slekta.
20 Andre levittar: Ahia hadde ansvar for skattkammera i Guds hus og for alt som var vigd til Herren.