25 Slektningane hans frå Elieser var Rehabja, son hans, hans son Jesaja, hans son Joram, hans son Sikri og hans son Sjelomot.
26 Denne Sjelomot og brørne hans hadde ansvaret for skattane som var helga til Herren, dei som kong David og leiarane for familiane mellom tusenmannsførarane, hundremannsførarane og dei andre hærførarane hadde helga.
27 Av krigsbyttet hadde dei helga noko for å setja Herrens hus i stand.
28 Og alt det som Samuel, sjåaren, Saul, son til Kisj, Abner, son til Ner, og Joab, son til Seruja, hadde helga, alle dei heilage gåvene hadde Sjelomot og brørne hans tilsyn med.
29 Av Jishar-slekta vart Kenanja og sønene hans sette til å arbeida utanfor heilagdomen, som tilsynsmenn og dommarar i Israel.
30 Hasjabja av Hebron-slekta og brørne hans, 1700 dugande menn, hadde tilsyn med Israel på den andre sida av Jordan, i alt som hadde med arbeidet for Herren og tenesta for kongen å gjera.
31 Til Hebron-slekta høyrde òg Jeria, som ifølgje slektshistoria var leiar for familiane til hebronittane. I det førtiande styringsåret til David vart det gjort ei undersøking, og det vart funne djerve krigarar mellom dei i Jaser i Gilead.