29 Av Jishar-slekta vart Kenanja og sønene hans sette til å arbeida utanfor heilagdomen, som tilsynsmenn og dommarar i Israel.
30 Hasjabja av Hebron-slekta og brørne hans, 1700 dugande menn, hadde tilsyn med Israel på den andre sida av Jordan, i alt som hadde med arbeidet for Herren og tenesta for kongen å gjera.
31 Til Hebron-slekta høyrde òg Jeria, som ifølgje slektshistoria var leiar for familiane til hebronittane. I det førtiande styringsåret til David vart det gjort ei undersøking, og det vart funne djerve krigarar mellom dei i Jaser i Gilead.
32 Slektningane hans, 2700 dugande menn, var leiarar for familiane sine. Kong David sette dei over Ruben-stammen, Gad-stammen og halve Manasse-stammen til å ta seg av alt det som hadde med Gud og kongen å gjera.