5 Ammiel den sjette, Jissakar den sjuande og Peulletai den åttande; for Gud hadde velsigna han.
6 Sjemaja, son hans, fekk òg søner, som vart dei rådande i sin familie; for dei var djerve krigarar.
7 Sønene til Sjemaja var: Otni, Refael og Obed, Elsabad og brørne hans, Elihu og Semakja, som var dugande menn.
8 Alle desse var etterkomarar av Obed-Edom. Både dei og sønene og brørne deira var dugande og sterke menn som høvde vel til tenesta. I alt hadde Obed-Edom 62 etterkomarar.
9 Mesjelemja hadde søner og brør, atten dugande menn.
10 Hosa av Merari-slekta hadde desse sønene: Sjimri var leiar; han var ikkje den førstefødde, men faren sette han likevel til leiar;
11 den andre var Hilkia, den tredje Tebalja og den fjerde Sakarja. I alt hadde Hosa tretten søner og brør.