7 Sønene til Sjemaja var: Otni, Refael og Obed, Elsabad og brørne hans, Elihu og Semakja, som var dugande menn.
8 Alle desse var etterkomarar av Obed-Edom. Både dei og sønene og brørne deira var dugande og sterke menn som høvde vel til tenesta. I alt hadde Obed-Edom 62 etterkomarar.
9 Mesjelemja hadde søner og brør, atten dugande menn.
10 Hosa av Merari-slekta hadde desse sønene: Sjimri var leiar; han var ikkje den førstefødde, men faren sette han likevel til leiar;
11 den andre var Hilkia, den tredje Tebalja og den fjerde Sakarja. I alt hadde Hosa tretten søner og brør.
12 Dette var avdelingane til portvaktene, nemnde etter leiarane for mennene. Dei skulle gjera vaktteneste i Herrens hus på same måten som brørne sine.
13 Dei kasta lodd om kvar port, familie for familie; alle stod likt, liten som stor.