9 Mesjelemja hadde søner og brør, atten dugande menn.
10 Hosa av Merari-slekta hadde desse sønene: Sjimri var leiar; han var ikkje den førstefødde, men faren sette han likevel til leiar;
11 den andre var Hilkia, den tredje Tebalja og den fjerde Sakarja. I alt hadde Hosa tretten søner og brør.
12 Dette var avdelingane til portvaktene, nemnde etter leiarane for mennene. Dei skulle gjera vaktteneste i Herrens hus på same måten som brørne sine.
13 Dei kasta lodd om kvar port, familie for familie; alle stod likt, liten som stor.
14 Loddet for austporten fall på Sjelemja. Dei kasta òg lodd for Sakarja, son hans, som var ein klok rådgjevar, og nordporten vart hans.
15 Obed-Edom fekk sørporten, og sønene hans fekk lagerromma.