1 Dette er ei liste over leiarane for familiane til israelittane, tusenmannsførarane og hundremannsførarane og tilsynsmennene som tente kongen i alt det som hadde med hæravdelingane å gjera. Dei avløyste kvarandre månad for månad gjennom heile året. Kvar avdeling var på 24 000 mann.
2 Jasjobam, son til Sabdiel, hadde ansvaret for den første avdelinga, som gjorde teneste i den første månaden. Avdelinga hans var på 24 000 mann.
3 Han var ein etterkomar av Peres og var overhovud for alle dei hærførarane som gjorde teneste i den første månaden.
4 Dodai frå Ahoah hadde ansvaret for avdelinga som gjorde teneste i den andre månaden, og Miklot var ein av førarane. Avdelinga hans var på 24 000 mann.
5 Den tredje hærføraren, som gjorde teneste i den tredje månaden, var Benaja, son til hovudpresten Jojada. Avdelinga hans var på 24 000 mann.
6 Denne Benaja var ein helt mellom dei tretti og stod over dei. Ammisabad, son hans, var òg med i avdelinga hans.
7 Den fjerde, som gjorde teneste i den fjerde månaden, var Asael, bror til Joab, og etter han Sebadja, son hans. Avdelinga hans var på 24 000 mann.