4 Dodai frå Ahoah hadde ansvaret for avdelinga som gjorde teneste i den andre månaden, og Miklot var ein av førarane. Avdelinga hans var på 24 000 mann.
5 Den tredje hærføraren, som gjorde teneste i den tredje månaden, var Benaja, son til hovudpresten Jojada. Avdelinga hans var på 24 000 mann.
6 Denne Benaja var ein helt mellom dei tretti og stod over dei. Ammisabad, son hans, var òg med i avdelinga hans.
7 Den fjerde, som gjorde teneste i den fjerde månaden, var Asael, bror til Joab, og etter han Sebadja, son hans. Avdelinga hans var på 24 000 mann.
8 Den femte, som gjorde teneste i den femte månaden, var hærføraren Sjamhut, ein av Serah-sønene. Avdelinga hans var på 24 000 mann.
9 Den sjette, som gjorde teneste i den sjette månaden, var Ira, son til Ikkesj, frå Tekoa. Avdelinga hans var på 24 000 mann.
10 Den sjuande, som gjorde teneste i den sjuande månaden, var Heles frå Pelon, av Efraim-stammen. Avdelinga hans var på 24 000 mann.