9 Den sjette, som gjorde teneste i den sjette månaden, var Ira, son til Ikkesj, frå Tekoa. Avdelinga hans var på 24 000 mann.
10 Den sjuande, som gjorde teneste i den sjuande månaden, var Heles frå Pelon, av Efraim-stammen. Avdelinga hans var på 24 000 mann.
11 Den åttande, som gjorde teneste i den åttande månaden, var Sibbekai frå Husja, ein av Serah-sønene. Avdelinga hans var på 24 000 mann.
12 Den niande, som gjorde teneste i den niande månaden, var Abieser frå Anatot, av Benjamin-stammen. Avdelinga hans var på 24 000 mann.
13 Den tiande, som gjorde teneste i den tiande månaden, var Mahrai frå Netofa, av Serah-sønene. Avdelinga hans var på 24 000 mann.
14 Den ellevte, som gjorde teneste i den ellevte månaden, var Benaja frå Piraton, av Efraim-stammen. Avdelinga hans var på 24 000 mann.
15 Den tolvte, som gjorde teneste i den tolvte månaden, var Heldai frå Netofa, av Otniel-slekta. Avdelinga hans var på 24 000 mann.