15 vekta på gull-lysestakane og gull-lampene som høyrde til, vekta på kvar einskild stake med tilhøyrande lamper, og vekta på sølvlysestakane med lampene som høyrde til, etter det kvar stake skulle brukast til i gudstenesta;
16 vekta på gullet til skodebrødsborda, kvart bord for seg, og på sølvet til sølvborda,
17 vekta på gaflane, offerskålene og kannene av reint gull, på begera av gull og sølv, kvart beger for seg,
18 og vekta på røykjelsesaltaret, som skulle vera av reinsa gull. Han gav òg ei teikning av vogna, gullkjerubane som breier ut vengene så dei dekkjer Herrens paktkiste.
19 «Alt dette vart gjort kjent for meg i eit skrift frå Herrens hand, alle detaljane i teikninga.»
20 Så sa David til Salomo, son sin: «Ver modig og sterk, gå til verket! Ver ikkje redd og mist ikkje motet! For Herren Gud, min Gud, er med deg. Han slepper deg ikkje og går ikkje frå deg før du har fullført alt det som skal gjerast for tenesta i Herrens hus.
21 Sjå, her er avdelingane av prestar og levittar som skal gjera all tenesta i Guds hus. Du har folk hos deg som har både vilje og evne til å gjera allslags arbeid. Dessutan vil leiarane og heile folket gjera alt det du seier.»