13 Og no, vår Gud, takkar vi degog lovsyng ditt herlege namn.
14 For kven er eg, og kven er folket mitt?Skulle vi vera i stand til å gje slike frivillige gåver?Nei, alt kjem frå deg.Det vi gjev, kjem frå di hand.
15 For vi er framande framfor ditt andletog gjester som alle fedrane våre.Som ein skugge er dagane våre på jordaog utan von.
16 Herre, vår Gud,all denne rikdomen som vi har samlafor å byggja eit hus for ditt heilage namn,den kjem frå di eiga hand,og alt er ditt.
17 Min Gud, eg veit at du ransakar hjartaog har glede i ærlegdom.Av ærleg hjarte og fri vilje har eg gjeve deg alt dette.Og med glede har eg no settkorleis folket ditt, som her er til stades,villig gjev deg gåvene sine.
18 Herre, Abrahams, Isaks og Israels Gud, våre fedrars Gud!Lat alltid folket ditt ha slike tankar og planar i hjartet,og vend hjartet deira til deg!
19 Gjev Salomo, son min, eit heilt hjarte,så han held dine bod, lover og forskrifter,fullfører alt som skal gjerast,og reiser tempelborga som eg har førebudd.