17 Min Gud, eg veit at du ransakar hjartaog har glede i ærlegdom.Av ærleg hjarte og fri vilje har eg gjeve deg alt dette.Og med glede har eg no settkorleis folket ditt, som her er til stades,villig gjev deg gåvene sine.
18 Herre, Abrahams, Isaks og Israels Gud, våre fedrars Gud!Lat alltid folket ditt ha slike tankar og planar i hjartet,og vend hjartet deira til deg!
19 Gjev Salomo, son min, eit heilt hjarte,så han held dine bod, lover og forskrifter,fullfører alt som skal gjerast,og reiser tempelborga som eg har førebudd.
20 Sidan sa David til heile forsamlinga: «Velsign Herren dykkar Gud!» Og heile forsamlinga velsigna Herren, sine fedrars Gud. Dei fall ned og bøygde seg for Herren og kongen.
21 Neste dag bar dei fram slaktoffer og brennoffer for Herren: tusen oksar, tusen vêrar og tusen lam, med dei drikkoffera som høyrer til, ei stor mengd med slaktoffer for heile Israel.
22 Den dagen åt og drakk dei for Herrens andlet med stor glede. For andre gong gjorde dei Salomo, son til David, til konge; dei salva han til fyrste for Herren, og Sadok salva dei til prest.
23 Salomo sette seg på Herrens trone som konge etter David, far sin. Han hadde framgang. Heile Israel lydde han.