21 Neste dag bar dei fram slaktoffer og brennoffer for Herren: tusen oksar, tusen vêrar og tusen lam, med dei drikkoffera som høyrer til, ei stor mengd med slaktoffer for heile Israel.
22 Den dagen åt og drakk dei for Herrens andlet med stor glede. For andre gong gjorde dei Salomo, son til David, til konge; dei salva han til fyrste for Herren, og Sadok salva dei til prest.
23 Salomo sette seg på Herrens trone som konge etter David, far sin. Han hadde framgang. Heile Israel lydde han.
24 Alle stormennene og heltane og alle sønene til kong David gav handslag til kong Salomo.
25 Herren gjorde Salomo stor og mektig for auga på heile Israel, og han gav han kongeleg makt som ingen konge i Israel hadde hatt før han.
26 David, son til Isai, hadde vore konge over heile Israel.
27 Han rådde over Israel i førti år. Sju år styrte han i Hebron og trettitre år i Jerusalem.