23 Salomo sette seg på Herrens trone som konge etter David, far sin. Han hadde framgang. Heile Israel lydde han.
24 Alle stormennene og heltane og alle sønene til kong David gav handslag til kong Salomo.
25 Herren gjorde Salomo stor og mektig for auga på heile Israel, og han gav han kongeleg makt som ingen konge i Israel hadde hatt før han.
26 David, son til Isai, hadde vore konge over heile Israel.
27 Han rådde over Israel i førti år. Sju år styrte han i Hebron og trettitre år i Jerusalem.
28 Han døydde i høg alder, mett av dagar og rikdom og ære. Salomo, son hans, vart konge etter han.
29 Det som er å fortelja om kong David, frå først til sist, det står skrive i krønikeboka til sjåaren Samuel, i krønikeboka til profeten Natan og i krønikeboka til sjåaren Gad.