3 I glede over min Guds hus vil eg òg gje det eg sjølv eig av gull og sølv, til min Guds hus, forutan alt det eg har samla til heilagdomen,
4 3000 talentar gull, gull frå Ofir, og 7000 talentar reinsa sølv til å kle veggene i bygningane med.
5 Så blir det gull til alt som skal lagast av gull, og sølv til alt som skal lagast av sølv, til alt arbeidet som handverkarane skal gjera. Kven er i dag villig til å fylla hendene sine med gåver og koma til Herren?»
6 Då kom dei villig med gåver, både leiarane for familiane og for Israels stammar, tusenmannsførarane og hundremannsførarane og leiarane for kongens arbeid.
7 5000 talentar og 10 000 dareikar gull, 10 000 talentar sølv, 18 000 talentar bronse og 100 000 talentar jern gav dei til arbeidet på Guds hus.
8 Og dei som eigde kostbare steinar, gav dei til skattkammeret i Herrens hus, som gersjonitten Jehiel hadde ansvaret for.
9 Folket gledde seg over at dei gav så villig. For av eit heilt hjarte kom dei til Herren med dei frivillige gåvene sine. Også kong David gledde seg stort.