4 3000 talentar gull, gull frå Ofir, og 7000 talentar reinsa sølv til å kle veggene i bygningane med.
5 Så blir det gull til alt som skal lagast av gull, og sølv til alt som skal lagast av sølv, til alt arbeidet som handverkarane skal gjera. Kven er i dag villig til å fylla hendene sine med gåver og koma til Herren?»
6 Då kom dei villig med gåver, både leiarane for familiane og for Israels stammar, tusenmannsførarane og hundremannsførarane og leiarane for kongens arbeid.
7 5000 talentar og 10 000 dareikar gull, 10 000 talentar sølv, 18 000 talentar bronse og 100 000 talentar jern gav dei til arbeidet på Guds hus.
8 Og dei som eigde kostbare steinar, gav dei til skattkammeret i Herrens hus, som gersjonitten Jehiel hadde ansvaret for.
9 Folket gledde seg over at dei gav så villig. For av eit heilt hjarte kom dei til Herren med dei frivillige gåvene sine. Også kong David gledde seg stort.
10 Framfor heile forsamlinga velsigna David Herren og sa:Velsigna er du, Herre, vår far Israels Gud, frå æve til æve!