9 Folket gledde seg over at dei gav så villig. For av eit heilt hjarte kom dei til Herren med dei frivillige gåvene sine. Også kong David gledde seg stort.
10 Framfor heile forsamlinga velsigna David Herren og sa:Velsigna er du, Herre, vår far Israels Gud, frå æve til æve!
11 Deg, Herre, høyrer stordom til og makt,herlegdom, ære og majestet,alt som er i himmelen og på jorda.Ditt er riket, Herre,og du er opphøgd som overhovud over alt.
12 Rikdom og ære kjem frå deg,og du rår over alle ting.I di hand er kraft og styrke.Det står i di makt å gjera alt stort og sterkt.
13 Og no, vår Gud, takkar vi degog lovsyng ditt herlege namn.
14 For kven er eg, og kven er folket mitt?Skulle vi vera i stand til å gje slike frivillige gåver?Nei, alt kjem frå deg.Det vi gjev, kjem frå di hand.
15 For vi er framande framfor ditt andletog gjester som alle fedrane våre.Som ein skugge er dagane våre på jordaog utan von.