1 Dette er dei sønene som David fekk i Hebron: Den førstefødde var Amnon, som han fekk med Ahinoam frå Jisreel. Den andre var Daniel, som han fekk med Abigajil frå Karmel.
2 Den tredje var Absalom, son til Maaka, som var dotter til Talmai, kongen i Gesjur. Den fjerde var Adonja, son til Haggit.
3 Den femte var Sjefatja, son til Abital, og den sjette var Jitream, son til Egla, kona til David.
4 Desse seks sønene fekk han i Hebron, der han styrte i sju år og seks månader. I trettitre år styrte han i Jerusalem.