17 Sønene til Esra var Jeter, Mered, Efer og Jalon. Jeter vart far til Mirjam, Sjammai og Jisjbah, far til Esjtemoa.
18 Kona hans frå Juda fødde Jered, som vart far til Gedor, Heber, far til Soko, og Jekutiel, far til Sanoah. Dette er sønene til Bitja, dotter til farao, som Mered hadde gift seg med.
19 Kona til Hodia, som var syster til Naham, hadde desse sønene: far til Ke'ila frå Garem og Esjtemoa frå Maaka.
20 Sønene til Sjimon var Amnon, Rinna, Ben-Hanan og Tolon. Sønene til Jisji var Sohet og Ben-Sohet.
21 Etterkomarane av Sjela, son til Juda, var Er, far til Leka, Lada, far til Maresja, og dei slektene som høyrde til linvevar-lauget i Bet-Asjbea,
22 Jokim og mennene i Koseba, Joasj og Saraf, som hadde styrt i Moab, men var komne heim att til Lehem – etter gamle overleveringar.
23 Dei var pottemakarar, desse folka, og budde i Neta'im og Gedera. Der heldt dei til hos kongen og var i teneste hos han.