34 Mesjobab, Jamlek og Josja, son til Amasja,
35 Joel og Jehu, son til Josjibja, som var son til Seraja, Asiels son,
36 Eljoenai, Jaakoba, Jesjohaja, Asaja, Adiel, Jesimiel og Benaja,
37 og Sisa, son til Sjifi, som var son til Allon, son til Jedaja, som var son til Sjimri, som var son til Sjemaja
38 – alle desse som her er nemnde med namn, var leiarar i slektene sine, og familiane deira breidde seg vidt.
39 Dei drog av stad bortover mot Gedor, til austsida av dalen, og ville leita etter beite til småfeet sitt.
40 Og dei fann eit beite som var rikt og godt. Landet var vidstrekt, det var stilt og fredfylt. Dei som budde der før, høyrde Ham-ætta til.