4 Penuel, far til Gedor, og Eser, far til Husja. Dei var sønene til Hur, som var den førstefødde til Efrat og far til Betlehem.
5 Asjhur, far til Tekoa, hadde to koner, Hela og Naara.
6 Naara fødde Ahussam, Hefer, Temeni og Ahasjtari til han. Dette var sønene til Naara.
7 Sønene til Hela var Seret, Jishar, Etnan og Kos.
8 Kos fekk sønene Anub og Hassobeba, og han vart stamfar til slektene etter Aharhel, son til Harum.
9 Jabes var meir vørd enn brørne sine. Mor hans gav han namnet Jabes. «For eg har fødd han med smerte», sa ho.
10 Jabes kalla på Israels Gud og sa: «Å, om du ville velsigna meg, auka landområdet mitt og støtta meg med di hand, fria meg frå ulukke og spara meg for liding!» Og Gud lét det gå som han bad.