1 Sønene til Ruben, Israels førstefødde son. – Han var den førstefødde, men fordi han vanæra leiet til far sin, vart førstefødselsretten gjeven vidare til etterkomarane av Josef, son til Israel. Og Ruben vart ikkje oppskriven som den førstefødde i slektsregisteret.
2 Juda vart den mektigaste mellom brørne, og frå han skulle fyrsten koma. Men Josef hadde førstefødselsretten. –
3 Sønene til Ruben, eldste son til Israel, var Henok, Pallu, Hesron og Karmi.
4 Son til Joel var Sjemaja, hans son var Gog og hans son Sjimi.
5 Hans son var Mika, hans son Reaja og hans son Baal.
6 Hans son var Beera, som Tiglat-Pileser, kongen av Assur, førte i eksil. Han var leiar for Ruben-stammen.
7 Brørne hans, slekt for slekt, som dei stod oppskrivne i slektsregistra, var Je'iel, hovdingen, Sakarja