16 Dei budde i Gilead og Basan og i småbyane der ikring, og på alle beitemarkene i Saron, så langt dei rekk.
17 Dei vart alle oppskrivne i slektsregister i dei dagane då Jotam var konge i Juda og Jeroboam var konge i Israel.
18 Ruben-stammen og Gad-stammen og halve Manasse-stammen hadde djerve menn som bar skjold og sverd og spente bogen, og som var opplærte til krig. Dei var 44 760 stridsføre menn.
19 Dei førte krig mot hagrittane, Jetur, Nafisj og Nodab.
20 Dei fekk hjelp imot dei, og hagrittane og alle som var i lag med dei, vart gjevne over i deira hender. For dei ropa til Gud i kampen, og dei vart bønhøyrde fordi dei sette si lit til han.
21 Dei tok med seg buskapen til fienden: 50 000 kamelar, 250 000 småfe, 2000 esel og dessutan 100 000 menneske.
22 Det var mange drepne og falne, for denne krigen var frå Gud. Sidan budde dei der i staden for hagrittane heilt til eksilet.