8 og Bela, son til Asas, som var son til Sjema, Joels son.Dei budde i Aroer og heilt bort til Nebo og Baal-Meon.
9 Austover busette dei seg heilt til den ørkenen som strekkjer seg frå elva Eufrat. For buskapen deira hadde auka sterkt i Gilead.
10 I Sauls dagar førte dei krig med hagrittane og la dei under seg. Dei busette seg i telta deira langsmed heile austsida av Gilead.
11 Gads stamme budde midt imot dei i Basan-landet, heilt til Salka.
12 Joel var den fremste mellom dei, etter han kom Sjafam, så Janai, dommaren i Basan,
13 og brørne deira, familie for familie: Mikael, Mesjullam, Sjeba, Jorai, Jakan, Sia og Eber, sju i alt.
14 Desse var sønene til Abihajil, son til Huri, son til Jaroah, son til Gilead, son til Mikael, son til Jesjisjai, son til Jahdo, som var son til Bus.