9 Austover busette dei seg heilt til den ørkenen som strekkjer seg frå elva Eufrat. For buskapen deira hadde auka sterkt i Gilead.
10 I Sauls dagar førte dei krig med hagrittane og la dei under seg. Dei busette seg i telta deira langsmed heile austsida av Gilead.
11 Gads stamme budde midt imot dei i Basan-landet, heilt til Salka.
12 Joel var den fremste mellom dei, etter han kom Sjafam, så Janai, dommaren i Basan,
13 og brørne deira, familie for familie: Mikael, Mesjullam, Sjeba, Jorai, Jakan, Sia og Eber, sju i alt.
14 Desse var sønene til Abihajil, son til Huri, son til Jaroah, son til Gilead, son til Mikael, son til Jesjisjai, son til Jahdo, som var son til Bus.
15 Ahi, son til Abdiel, Guni sin son, var leiar for familiane deira.