28 Samuel hadde to søner; den førstefødde heitte Joel, og den andre heitte Abia.
29 Merari hadde sonen Mahli; son hans var Libni, son hans Sjimi og son hans Ussa;
30 hans son var Sjima, hans son Haggia og hans son Asaja.
31 Dette er dei mennene som David innsette til leiarar for songen i Herrens hus då paktkista hadde fått kvilestaden sin der.
32 Før Salomo hadde bygd tempelet i Jerusalem, gjorde dei teneste som songarar framfor teltheilagdomen, Guds bustad. Der stod dei og gjorde tenesta si etter forskriftene.
33 Dette er tempelsongarane og sønene deira: av Kehat-sønene: songaren Heman, son til Joel, son til Samuel,
34 son til Elkana, son til Jeroham, son til Eliel, son til Toah,