47 son til Mahli, son til Musji, son til Merari, som var son til Levi.
48 Brørne deira, dei andre levittane, var sette til å gjera allslags teneste i huset som er Guds bustad.
49 Aron og sønene hans bar fram offer på brennofferaltaret og på røykjelsesaltaret. Dei skulle gjera all teneste i Det høgheilage og gjera soning for Israel, heilt og fullt så som Moses, Guds tenar, hadde sagt.
50 Dette var etterkomarane av Aron: Elasar, hans son Pinhas, hans son Abisjua,
51 hans son Bukki, hans son Ussi, hans son Serahja,
52 hans son Merajot, hans son Amarja, hans son Ahitub,
53 hans son Sadok og hans son Ahimaas.