61 Dei andre Kehat-sønene, ætt for ætt, fekk ved loddkasting ti byar frå halve Manasse-stammen.
62 Gersjom-sønene, slekt for slekt, fekk tretten byar frå Jissakar-stammen, Asjer-stammen, Naftali-stammen og Manasse-stammen i Basan.
63 Merari-sønene, slekt for slekt, fekk ved loddkasting tolv byar frå Ruben-stammen, Gad-stammen og Sebulon-stammen.
64 Desse byane og beitemarkene som høyrde til, gav israelittane til levittane.
65 Ved loddkasting fekk dei desse byane som er nemnde her, frå Juda-stammen, Simon-stammen og Benjamin-stammen.
66 Dei andre av Kehats etterkomarar fekk desse byane av Efraim-stammen:
67 fribyane Sikem i Efraim-fjella med beitemarker og Geser med beitemarker,