8 Ahitub fekk sonen Sadok, og Sadok fekk Ahimaas;
9 Ahimaas fekk sonen Asarja, og Asarja fekk Johanan;
10 Johanan fekk sonen Asarja; det var han som gjorde presteteneste i det tempelet Salomo hadde bygd i Jerusalem.
11 Asarja fekk sonen Amarja, og Amarja fekk Ahitub;
12 Ahitub fekk sonen Sadok, og Sadok fekk Sjallum;
13 Sjallum fekk sonen Hilkia, og Hilkia fekk Asarja;
14 Asarja fekk sonen Seraja, og Seraja fekk sonen Josadak.