15 Makir tok koner til Huppim og Sjuppim. Syster hans heitte Maaka. Den andre heitte Selofhad, og Selofhad hadde berre døtrer.
16 Maaka, kona til Makir, fødde ein son og kalla han Peres. Bror hans heitte Sjeresj, og sønene hans var Ulam og Rekem.
17 Son til Ulam var Bedan. Dette var sønene til Gilead, son til Makir, som var son til Manasse.
18 Syster hans, Hammoleket, fødde Isjhod, Abieser og Mahla.
19 Sønene til Sjemida var Ahjan, Sikem, Likhi og Aniam.
20 Etterkomarane av Efraim var: Sjutelah, hans son Bered, hans son Tahat, hans son Elada, hans son Taham,
21 hans son Sabad og hans son Sjutelah, dessutan Eser og Elad. Dei vart drepne av nokre menn frå Gat som var fødde der i landet, fordi dei hadde fare ned for å røva buskapen deira.