18 Syster hans, Hammoleket, fødde Isjhod, Abieser og Mahla.
19 Sønene til Sjemida var Ahjan, Sikem, Likhi og Aniam.
20 Etterkomarane av Efraim var: Sjutelah, hans son Bered, hans son Tahat, hans son Elada, hans son Taham,
21 hans son Sabad og hans son Sjutelah, dessutan Eser og Elad. Dei vart drepne av nokre menn frå Gat som var fødde der i landet, fordi dei hadde fare ned for å røva buskapen deira.
22 Efraim, far deira, sørgde i lang tid, og brørne hans kom og ville trøysta han.
23 Sidan gjekk han inn til kona si, og ho vart med barn. Ho fødde ein son og gav han namnet Beria, fordi ei ulukke hadde ramma deira hus.
24 Dotter hans heitte Sjeera. Ho bygde Nedre og Øvre Bet-Horon og Ussen-Sjeera.