1 Benjamin fekk søner. Den førstefødde var Bela, den andre var Asjbel, den tredje Ahrah,
2 den fjerde Noha, og den femte var Rafa.
3 Bela hadde sønene Addar, Gera, Abihud,
4 Abisjua, Naaman, Ahoah,
5 Gera, Sjefufan og Huram.
6 Dette er sønene til Ehud; dei var leiarar for familiane mellom innbyggjarane i Geba, som seinare vart drivne i eksil til Manahat:
7 Naaman, Ahia og Gera, han som førte dei bort. Han fekk to søner: Ussa og Ahihud.