1 Heile Israel vart ført opp i slektsregister, og sjå, dei er innskrivne i boka om Israels-kongane.Men fiendane førte Juda i eksil til Babel fordi dei hadde vore trulause.
2 Dei første som busette seg på eigedomane deira og i byane deira, var vanlege israelittar, prestar, levittar og tempeltenarar.
3 I Jerusalem busette det seg folk frå Juda, Benjamin, Efraim og Manasse.
4 Det var: Utai, son til Ammihud, son til Omri, son til Imri, son til Bani, ein av sønene til Peres, son til Juda.