17 Portvaktene: Sjallum, Akkub, Talmon og Ahiman og slektningane deira; Sjallum var den øvste av dei.
18 Dei står framleis ved Kongeporten mot aust. Det er dei som held vakt i leirane til levittane.
19 Sjallum, son til Kore, son til Ebjasaf, son til Korah, og slektningane hans, Korah-sønene, som høyrde til same familien som han, hadde som si teneste å vera dørvaktarar ved teltet; fedrane deira hadde vakta inngangen til Herrens leir.
20 Pinhas, son til Elasar, hadde vore leiaren deira. Herren var med han.
21 Sakarja, son til Mesjelemja, var dørvaktar ved inngangen til teltheilagdomen.
22 Desse som var utvalde til å vera dørvaktarar, var i alt 212 mann. Dei var oppskrivne i slektsregister etter landsbyane sine. David og sjåaren Samuel hadde sett dei inn i tenesta fordi dei var pålitelege.
23 Dei og sønene deira skulle halda vakt avdelingsvis ved portane til Herrens hus, ved teltbustaden.