22 Desse som var utvalde til å vera dørvaktarar, var i alt 212 mann. Dei var oppskrivne i slektsregister etter landsbyane sine. David og sjåaren Samuel hadde sett dei inn i tenesta fordi dei var pålitelege.
23 Dei og sønene deira skulle halda vakt avdelingsvis ved portane til Herrens hus, ved teltbustaden.
24 Dørvaktarane stod på post vende mot dei fire vindretningane, mot aust, vest, nord og sør.
25 Slektningane deira i landsbyane ikring skulle frå tid til anna koma og hjelpa dei i sju dagar.
26 Fordi dei var trufaste, hadde desse fire, som var levittar, vorte innsette som leiarar for portvaktene. Tempelromma og skattkammera i Guds hus vakta dei òg.
27 Om natta heldt dei seg kring Guds hus; for det var deira plikt å halda vakt og opna portane kvar morgon.
28 Nokre av dei hadde tilsyn med dei gjenstandane som vart nytta i gudstenesta. Dei skulle telja dei både når dei bar dei inn, og når dei bar dei ut.