28 Nokre av dei hadde tilsyn med dei gjenstandane som vart nytta i gudstenesta. Dei skulle telja dei både når dei bar dei inn, og når dei bar dei ut.
29 Andre var sette til å ta vare på det vanlege utstyret og det heilage utstyret, det fine mjølet, vinen, oljen, røykjelsen og balsamen.
30 Nokre av prestane laga blandinga til den velluktande balsamen.
31 Mattitja, ein av levittane, den førstefødde sonen til Sjallum av Korah-slekta, var tiltrudd tilsynet med brødbakinga.
32 Og nokre av slektningane deira frå Kehat-slekta hadde ansvaret for tilsynet med skodebrøda, som dei skulle leggja fram kvar sabbat.
33 Så var det tempelsongarane, leiarar for levittfamiliane. Dei heldt til i tempelromma og var fritekne for alle andre tenester, for dei laut gjera teneste dag og natt.
34 Dette var leiarane for levittfamiliane, hovdingar etter slektshistoria si. Dei budde i Jerusalem.