1 I opphavet skapte Gud himmelen og jorda.
2 Jorda var aud og tom, mørker låg over djupet, og Guds ande svevde over vatnet.
3 Då sa Gud: «Det skal bli lys!» Og det vart lys.
4 Gud såg at lyset var godt, og Gud skilde lyset frå mørkret.
5 Gud kalla lyset dag, og mørkret kalla han natt. Og det vart kveld, og det vart morgon, første dagen.
6 Gud sa: «Det skal bli ein kvelv midt i vatnet! Han skal skilja vatn frå vatn.»
7 Gud laga himmelkvelven og skilde vatnet som er under kvelven, frå vatnet som er over kvelven. Og slik vart det.