1 Dina, dottera som Lea hadde fødd Jakob, gjekk ein gong ut og ville møta jentene i landet.
2 Då fekk Sikem, son til hevitten Hamor, hovdingen der i landet, sjå Dina. Han tok henne og låg med henne og krenkte henne.
3 Og hugen hans stod til Dina, dotter til Jakob. Han vart glad i den unge jenta og tala til hjartet hennar.
4 Sidan sa Sikem til Hamor, far sin: «Lat meg få denne jenta til kone!»
5 Jakob fekk høyra at Sikem hadde gjort Dina, dotter hans, urein. Sønene hans var ute i marka med buskapen, og Jakob tagde om dette til dei kom heim.
6 Hamor, far til Sikem, gjekk ut til Jakob og ville tala med han.
7 Då sønene til Jakob fekk høyra det, kom dei heim frå marka. Dei sørgde og var rasande, for det var ei skammeleg gjerning Sikem hadde gjort mot Israel då han låg med dotter til Jakob. Slikt skulle aldri henda!
8 Hamor tala med dei og sa: «Sikem, son min, har forelska seg i syster dykkar. Lat han få henne til kone!
9 Knyt slektsband med oss! Gjev oss døtrene dykkar, og ta de døtrene våre til koner!
10 Slå dykk ned hos oss! Landet skal liggja ope for dykk. Her kan de bu, driva handel og få dykk eigedom.»
11 Sikem sa til far hennar og brørne hennar: «Berre de ser på meg med velvilje, så skal eg gje dykk det de bed om!
12 Krev ein høg brurepris og ei stor gåve av meg! Eg skal gje det de vil ha, berre eg får den unge jenta til kone.»
13 Då gav Jakobs-sønene eit svikefullt svar til Sikem og Hamor, far hans. For Sikem hadde gjort Dina, syster deira, urein.
14 Dei sa til dei: «Dette kan vi ikkje gjera. Å gje syster vår til ein uomskoren mann, det ville vera ei skam for oss.
15 Berre på eitt vilkår kan vi bli samde med dykk: at de blir som oss, og at alle menn hos dykk blir omskorne.
16 Då skal vi gje dykk døtrene våre og ta dykkar døtrer til koner. Vi skal bu saman med dykk, så vi blir eitt folk.
17 Men vil de ikkje høyra på oss og la dykk omskjera, så tek vi syster vår og fer bort.»
18 Både Hamor og Sikem, son hans, tykte vel om det dei sa.
19 Den unge mannen var ikkje sein med å gjera som dei bad om, for han heldt av dotter til Jakob. Han var den fremste av alle i farshuset.
20 Så gjekk Hamor og Sikem, son hans, til byporten og sa til mennene i byen:
21 «Desse mennene er venlegsinna mot oss. Lat dei bu i landet og driva handel her! Landet er då vidt nok for dei. Vi vil ta døtrene deira til koner og gje dei våre døtrer.
22 Men berre på eitt vilkår vil mennene gå med på å bu saman med oss så vi blir eitt folk: Alle menn hos oss må la seg omskjera, som dei sjølve er omskorne.
23 Buskapen og eigedomen deira, alt feet deira, blir jo vårt, berre vi gjer som dei vil, så dei slår seg ned hos oss.»
24 Alle som gjekk ut av byporten, lydde Hamor og Sikem, son hans. Alle lét dei seg omskjera.
25 Men den tredje dagen, då dei endå hadde smerter, tok dei to Jakobs-sønene Simon og Levi, brørne til Dina, kvart sitt sverd. Dei kom seg uhindra inn i byen og drap alle mannfolk.
26 Dei drap Hamor og Sikem, son hans, med sverd. Så tok dei Dina ut or huset til Sikem og drog bort.
27 Sønene til Jakob kom over dei drepne og plyndra byen fordi dei hadde gjort syster deira urein.
28 Dei tok småfeet og storfeet og esla deira, både det som var i byen, og det som var ute på marka.
29 Alt av verdi og alle kvinnene og borna deira førte dei bort som bytte; alt som var i husa, rana dei.
30 Då sa Jakob til Simon og Levi: «De har ført ulukke over meg. De har gjort meg hata av folket i landet, kanaanearane og perisittane. Eg har berre nokre få menn. Samlar dei seg imot meg, kjem dei til å slå meg, og eg og mitt hus kjem til å bli utrydda.»
31 Men dei svara: «Skulle han få fara åt med syster vår som med ei hore?»