1 Dette er boka om Adams slektshistorie. Den dagen Gud skapte mennesket, gjorde han det slik at det likna Gud.
2 Som mann og kvinne skapte han dei. Og han velsigna dei og kalla dei menneske den dagen dei vart skapte.
3 Då Adam var 130 år, fekk han ein son som likna han og var som hans eige bilete, og han kalla han Set.
4 Etter at Adam hadde fått Set, levde han endå 800 år og fekk søner og døtrer.
5 Adam levde i 930 samfulle år. Så døydde han.
6 Då Set var 105 år, fekk han sonen Enosj.
7 Etter at Set hadde fått Enosj, levde han endå 807 år og fekk søner og døtrer.
8 Set levde i 912 samfulle år. Så døydde han.
9 Då Enosj var 90 år, fekk han sonen Kenan.
10 Etter at Enosj hadde fått Kenan, levde han endå 815 år og fekk søner og døtrer.
11 Enosj levde i 905 samfulle år. Så døydde han.
12 Då Kenan var 70 år, fekk han sonen Mahalalel.
13 Etter at Kenan hadde fått Mahalalel, levde han endå 840 år og fekk søner og døtrer.
14 Kenan levde i 910 samfulle år. Så døydde han.
15 Då Mahalalel var 65 år, fekk han sonen Jared.
16 Etter at Mahalalel hadde fått Jared, levde han endå 830 år og fekk søner og døtrer.
17 Mahalalel levde i 895 samfulle år. Så døydde han.
18 Då Jared var 162 år, fekk han sonen Henok.
19 Etter at Jared hadde fått Henok, levde han endå 800 år og fekk søner og døtrer.
20 Jared levde i 962 samfulle år. Så døydde han.
21 Då Henok var 65 år, fekk han sonen Metusjalah.
22 Henok vandra med Gud i 300 år etter at han hadde fått Metusjalah, og han fekk søner og døtrer.
23 Henok levde i 365 samfulle år.
24 Henok vandra med Gud. Så var han ikkje meir, for Gud tok han til seg.
25 Då Metusjalah var 187 år, fekk han sonen Lamek.
26 Etter at Metusjalah hadde fått Lamek, levde han endå 782 år og fekk søner og døtrer.
27 Metusjalah levde i 969 samfulle år. Så døydde han.
28 Då Lamek var 182 år, fekk han ein son.
29 Han kalla han Noah og sa: «Han skal trøysta oss i vårt arbeid og i våre henders strev på den jorda som Herren har forbanna.»
30 Etter at Lamek hadde fått Noah, levde han endå 595 år og fekk søner og døtrer.
31 Lamek levde i 777 samfulle år. Så døydde han.
32 Då Noah var 500 år, fekk han sønene Sem, Ham og Jafet.