1 Heile verda hadde same språk og same ord.
2 Då dei braut opp frå aust, fann dei ein brei dal i landet Sinear og slo seg ned der.
3 Dei sa til kvarandre: «Kom, så lagar vi teglstein og brenner dei harde!» Dei brukte tegl til byggjestein og jordbek til å fuga med.
4 «Kom», sa dei, «lat oss byggja ein by og eit tårn som når opp til himmelen, og skaffa oss eit namn så vi ikkje blir spreidde ut over heile jorda!»
5 Då steig Herren ned for å sjå på byen og tårnet som menneska bygde.
6 Herren sa: «Sjå, dei er eitt folk, og eitt språk har dei alle. Og dette er det første dei gjer! No vil ingen ting vera umogleg for dei, same kva dei set seg føre.
7 Kom, lat oss stiga ned og forvirra språket deira så den eine ikkje skjønar den andre!»
8 Så spreidde Herren dei derifrå ut over heile jorda, og dei heldt opp med å byggja på byen.
9 Difor kalla dei han Babel, for der forvirra Herren språket for heile jorda. Og derifrå spreidde Herren dei ut over heile jorda.
10 Dette er slektshistoria til Sem. Då Sem var 100 år, fekk han sonen Arpaksjad, to år etter storflaumen.
11 Og etter at han hadde fått Arpaksjad, levde Sem endå 500 år og fekk søner og døtrer.
12 Då Arpaksjad var 35 år, fekk han sonen Sjelah.
13 Og etter at han hadde fått Sjelah, levde Arpaksjad endå 403 år og fekk søner og døtrer.
14 Då Sjelah var 30 år, fekk han sonen Eber.
15 Og etter at han hadde fått Eber, levde Sjelah endå 403 år og fekk søner og døtrer.
16 Då Eber var 34 år, fekk han sonen Peleg.
17 Og etter at han hadde fått Peleg, levde Eber endå 430 år og fekk søner og døtrer.
18 Då Peleg var 30 år, fekk han sonen Re'u.
19 Og etter at han hadde fått Re'u, levde Peleg endå 209 år og fekk søner og døtrer.
20 Då Re'u var 32 år, fekk han sonen Serug.
21 Og etter at han hadde fått Serug, levde Re'u endå 207 år og fekk søner og døtrer.
22 Då Serug var 30 år, fekk han sonen Nahor.
23 Og etter at han hadde fått Nahor, levde Serug endå 200 år og fekk søner og døtrer.
24 Då Nahor var 29 år, fekk han sonen Tarah.
25 Og etter at han hadde fått Tarah, levde Nahor endå 119 år og fekk søner og døtrer.
26 Då Tarah var 70 år, fekk han sønene Abram, Nahor og Haran.
27 Dette er slektshistoria til Tarah. Tarah fekk sønene Abram, Nahor og Haran. Og Haran fekk sonen Lot.
28 Haran døydde hos Tarah, far sin, i fedrelandet sitt, Ur i Kaldea.
29 Abram og Nahor tok seg koner. Kona til Abram heitte Sarai. Kona til Nahor heitte Milka og var dotter til Haran, far til Milka og Jiska.
30 Sarai var barnlaus, ho kunne ikkje få born.
31 Tarah tok med seg sonen Abram og sonesonen Lot, son til Haran, og svigerdottera Sarai, kona til son hans, Abram. Saman forlét dei Ur i Kaldea for å dra til landet Kanaan. Men då dei kom til Harran, slo dei seg ned der.
32 Tarah levde i 205 år. Så døydde Tarah i Harran.